Om Fonna Gravferdsbyrå

Omsorg ved livets slutt – det er vårt motto.
Vi legg stor vekt på å vise omsorg og å gi pårørande den aller beste hjelpa i ein vanskeleg fase i livet.

Fonna Gravferdsbyrå AS
Gjennom åra har vi tileigna oss kunnskap og gode erfaringar, og bidreg dermed med tryggleik og føreseielegheit for dykk i ei tung og vanskeleg tid.

Vi gjer vårt ytterste for å tilretteleggje og bidra til ei minneverdig gravferd.

Gravferdsbyrået

Planlegg ei gravferd

Det kan kjennast vanskeleg å tenkje på praktiske spørsmål når ein nettopp har mista ein nær. Ta deg likevel tid til å reflektere over korleis du vil minnast den avdøde og korleis seremonien kan sjå ut. Å skapa ein vakker og personleg avskjed treng ikkje vera dyrt eller komplisert. Vi hjelper til med inspirasjon og idear til kva som er mogleg, basert på dine ønskjer. Det finst fleire måtar å planleggje ei seremoni på.

Korleis kan ei gravferd ordnast av eit gravferdsbyrå

Seremonien finn vanlegvis stad innan 10 dagar etter dødsfallet. Sjølve bisetjinga vert halden i kyrkja, kapell eller i andre eigna lokale. Fonna Gravferdsbyrå hjelper til med å velje tidspunkt og stad i Kvinnherad, Odda og omegn og sørgjer for at alle som skal medverke, vert informerte.

Praktisk informasjon ved gravferda – Open eller lukka bisetjing?

Dette spørsmålet kan vera vanskeleg å ta stilling til for mange pårørande. Det kan vere fleire grunnar til at ein vel ei lukka bisetjing. Likevel viser erfaringar at det som i augneblinken verkar rett, på sikt kan bli ei belastning dersom nokon som burde ha vore til stades, ikkje fekk høve til det. Erfaringar viser òg at signala ein sender ved å velje ei lukka seremoni, ofte skapar usikkerheit: Skal ein ta kontakt eller ikkje? Dei fleste ønskjer ikkje å vere påtrengjande. Lytt til dykk sjølve og ta dei vala som kjennest rette.

Annonsering eller gravferd i stillheit

Nokre ønskjer at gravferda skal skje i stillheit, med berre dei næraste til stades. Dette kan sjølvsagt vere rett i mange tilfelle. Likevel tilrår dei fleste med innsikt i sorgarbeid at gravferda vert annonsert på førehand og er open for alle. Erfaringar viser at deltaking frå personar utanfor den næraste krinsen hjelper dei etterlatne med å bearbeide sorga. Andre kan òg ha behov for å vise deltaking og syne den avdøde den siste æra.

Ansatte

Våre gravferdskonsulentar er nøye utvalde etter det vi meiner er eigenskapar ein bør ha. Omsorg og varme set vi høgt. Vi er her for deg, for å rettleie og vere til stades.

Vi verdset òg kunnskap, og gjennom VIRKE gravferd har dei gjennomført nødvendige og lærerike kurs. Dei har lang erfaring i yrket og ønskjer å gje den beste omsorga ved livets slutt.

  • Egil Prestnes

    Områdeleder / gravferdskonsulent

    Tlf: 91379411

  • Jostein Bjørnevik

    Gravferdskonsulent

  • Odd Johan Tordal

    Gravferdskonsulent

    Tlf: 95224733

  • Birgitte Bjørnevik

    Byråassistent

  • Asle Skogly

    Byråassistent

  • Ove Tvedt

    Byråassistent

  • Grete Tvedt

    Byråassistent  

Kontakt oss

Vi er klare til å svare på alle dine spørsmål om gravferdstenestene våre, og korleis vi kan hjelpe deg med å skape ein verdig og minneverdig avskjed.

Dette er heilt uforpliktande for deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Mail:
post@fonnagravferdsbyra.no

Telefon:
53 48 05 00

Send oss en melding - en av våre gravferdskonsulenter svarer deg snart

Her finn du oss: