Kva skjer nå?

Når nokon av våre døyr, blir endringa stor for dei som står nærast. Det er mykje som må planleggjast. Då kan det vere trygt og godt å få hjelp av nokon som kan bidra med støtte og rettleiing etter behov og ønskje.

Vi har lang erfaring med tilrettelegging av seremoniar slik at dei pårørande får det etter sine ønskje.

Bisettelse – Kremasjon

Bisettelse er ein seremoniform der kista blir transportert til krematorium etter seremonien. I Kvinnherad blir Møllendal krematorium brukt, men vi har òg Odda krematorium ved seremonier i det næraste området der. I kyrkjelege bisettelser blir det jordpåkasting etter talen til presten i kyrkja, medan det i gravferder skjer jordpåkasting ved grava. Ei tid etter kremering blir familien informert om at det er tid for urnenedsetjing, og dei kan då ha ei stund ved grava saman. Nokon vel òg å ha med prest eller ein annan seremonileiar.

Gravferd

Gravferd er ein seremoniform der kista blir transportert til grava etter seremonien og deretter senka i jorda. Ved seremonirom og kyrkjer der gravplassen ligg i nærleiken, blir kista boren til gravstaden. Ved lengre avstandar blir kista frakta med gravferdsbilen, og det blir køyrt i kortesje til gravplassen, der gravfølgjet går bak bilen saman med presten eller seremonileiaren. På gravplassen blir det halde ei fin stund saman med gravfølgjet, med songar, moglegheit for å leggje blomar rundt kista og ta eit siste farvel.

1. Samtalen

Ønskjer du ein planleggingssamtale med oss, kan den takast over telefon, i våre lokale eller heime hos deg.

I samtalen snakkar vi om dykkar ynskje for seremonien, val av seremonirom, henting av avdøde og val av kiste, offentlege papir som må fyllast ut og signerast. Elles val av blomar, dødsannonsar, programhefte og andre ynskje.

Våre gravferdskonsulentar har lang erfaring og er her for deg.

Etter planleggingssamtalen startar vi organiseringa av seremonien.

De får korrektur frå oss på blomsterhelsingar, dødsannonse og programheftet.

De får òg tilsendt eit detaljert prisoverslag med dei tenestene og varene som er valde, så snart som mogleg etter planleggingssamtalen.

Dette blir vanlegvis sendt via e-post.

2. Etter samtalen

3. Seremonidagen

På seremonidagen ordnar gravferdskonsulentane våre alt klart i seremonirommet.

Det er vanleg at dei næraste pårørande kjem ei lita stund før seremonien startar og får litt tid åleine i seremonirommet på førehand. Dette kan avtalast med byrået.

Dersom ein skal vere delaktig i seremonien med musikkinnslag eller liknande, blir dette avtalt på førehand med prest/seremonileiar, byrå og eventuelt organist.

Eventuell direktesending av seremoni

Vi tilbyr direktesending, slik at man kan følge seremonien på internett.

Direktesendinga går føre seg via minnesida til den avdøde. Klikk deg inn på minnesida, deretter «lenker» og vel linken som heiter til dømes «Direktesending av seremoni…».

4. Etter seremonien

Etter seremonien vil du få ei minnemappe som inneheld alle kort frå blomsterhelsingar, samt eit eksemplar av programheftet og eventuelt dødsannonse.

Det er også mogleg å sende ut takkekort gjennom vårt trykkeri.

På grava vil vi ordne eit venteteikn som står der medan ein ventar på oppføring av ny gravstein. Gravstein kan de bestille gjennom vårt byrå eller direkte hos vår samarbeidspartnar på gravstein.

Om du ønskjer å gje oss ei tilbakemelding, er vi svært takksame for det.

Sorg

Det å miste den vi er glade i, er noko av det vanskelegaste ein opplever i livet.
Midt i sorga er det mange praktiske oppgåver ein må ta stilling til.

Lytt til dykk sjølve og kvarandre, bruk tid og la avskjeden med den kjære bli slik de ønskjer. Nokre har behov for å gjere mykje, medan andre ikkje ønskjer det.

Mange ting skal erfarast og ordnast, og avgjerder må takast i tida som kjem.
Vi har lang røynsle med å møte menneske i sorg. Vi rettleier gjerne om moglegheitene og kan gje gode råd og tips undervegs.

Seremonirom

I Kvinnherad og Odda har vi fleire kyrkjer og seremonirom som kan nyttast.

Ønskjer de å leige eit av desse kapella, kan vi ordne dette for dykk.

Seremoni i kyrkje

Døden kan vere vanskeleg å handtere. Det å miste nokon er tungt å ta inn over seg, og gravferda gjer døden og skiljet meir konkret. Det å samle seg rundt kista for å ta farvel, er ofte eit viktig steg i sorga.

Mange finn trøyst og hjelp i gravferdsgudstenesta i kyrkja. Her er det rom for gråt og klage, men òg takk for dei gode minna.

Når ein er medlem i Den norske kyrkja, får ein bruke kyrkja kostnadsfritt, samt organist og gode samtalar med presten.

Kontakt oss

Vi er klare til å svare på alle dine spørsmål om gravferdstenestene våre, og korleis vi kan hjelpe deg med å skape ein verdig og minneverdig avskjed.

Dette er heilt uforpliktande for deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Mail:
post@fonnagravferdsbyra.no

Telefon:
53 48 05 00

Send oss en melding - en av våre gravferdskonsulenter svarer deg snart

Her finner du oss: