video-medow-fallback.jpg

Omsorg ved livets slutt

Vi tilbyr trygg og tilpassa organisering av seremonier etter dykkar ønskjer.

Døgnope telefon: 53 48 05 00

Kva skjer no?

Det er mange ting som må planleggas

Å vite kvar ein skal starte, kva som skal gjerast og kven som gjer kva, kan vere vanskeleg. Vi kan hjelpe deg med å få oversikt og kontroll.

Sjå på sida vår “Kva skjer nå?” for å få oversikt over kva som skjer vidare i planlegginga, eller ta kontakt med oss for ein uforpliktande og avklarande prat.

Vi hjelper deg

Det å miste den vi held kjær, er noko av det vanskelegaste ein opplever i livet. Midt i sorga er det mange praktiske oppgåver å ta stilling til. Då kan det vere godt å ha eit gravferdsbyrå som bistår med det som trengst, slik at de føler tryggleik og føreseielegheit i samband med seremonien.

Omsorg ved livets slutt – det er vårt motto

Vi legg stor vekt på å vise omsorg og å gi pårørande den aller beste hjelpa i ein vanskeleg fase i livet, og vi gjer vårt yttarste for at de skal bli tekne vare på i ei vanskeleg tid og sitje att med eit verdig minne.

Vi ordnar alt det praktiske

Som kunde hos Fonna Gravferdsbyrå kan du vere trygg på at vi ordnar alt det praktiske ved eit dødsfall. Vi sørgjer for omsorgsfull organisering av seremonien, slik at du kan fokusere på å ta farvel.

Vi er nær når du trenger oss

Med vår tilstedeværelse og trygghet hjelper vi til med organisering slik at seremonien blir etter deres ønsker. Vi holder til sentralt på Husnes i Kvinnherad. Vi tar oppdrag i Kvinnherad, Odda, Stord og omegn.

Live streaming av seremoni

Har nokon vanskar med å kome seg til seremonien? Vi kan sette opp ein live stream i gravferda slik at alle som ønskjer kan følgje seremonien via minnesida som ein finn på vår heimeside.

Våre blome- og dekorasjonstenester skapar ein vakker og verdig ramme rundt avskjeden.

Vi tilbyr eit breitt utval av stilfulle og personlege dekorasjonar som heidar den avdøde og trøyster dei etterlatne frå vårt heilt eigne blomabinderi.

Vi nyttar oss av tradisjonelle kister – tilpassa tida vi lever i.

Dagens kister vert laga utelukkande i heltre furu. Dei fleste ønskjer ei kvitmalt kiste, men våre kister kan òg leverast i ei rekkje andre fargar og med ulike handtak, ornament og lister.

Kontakt oss

Vi er klare til å svare på alle dine spørsmål om våre gravferdstjenester, og korleis vi kan hjelpe deg med å skapa ein verdig og minneverdig avskjed.

Dette er heilt uforpliktande for deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Ofte stilte spørsmål

Når du står overfor eit dødsfall eller planlegg ein gravferd, kan det oppstå mange spørsmål.

Vi har samla og svara på dei mest vanlege spørsmåla her, for å gi deg den informasjonen du treng i ei vanskeleg tid.

Spørsmål og svar

Her når du treng oss

Vi tek oppdrag i Kvinnherad, Odda, Stord og omegn. Vi hjelper til med det du ynskjer og har behov for, og rettleiingar om det er ynskjeleg.

Les meir om oss her.

Kontakt oss

Vi er klare til å svare på alle dine spørsmål om gravferdstenestene våre, og korleis vi kan hjelpe deg med å skape ein verdig og minneverdig avskjed.

Dette er heilt uforpliktande for deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med oss!

Mail:
post@fonnagravferdsbyra.no

Telefon:
53 48 05 00

Send oss en melding - en av våre gravferdskonsulenter svarer deg snart